Godhetsdag 9. mai - på ein annleis måte i år


Godhetsdag 9. mai - på ein annleis måte i år


Små ting gjort i kjærleik vil forandre verda!

«Små ting gjort i kjærleik vil forandre verda». Dette er GODHET sin visjon, og den ynskjer me å følgja. Difor arrangerer me for femte år på rad GODHETSDAG. Den er laurdag 9. mai.

Vanlegvis har me på godhetsdagen samla mykje folk frå kristne miljø på Askøy for å hjelpa flest mogleg askøyværingar med det som trengst. I år må det pga koronasituasjonen bli litt annleis.

Dei som tidleg i vår meldte inn oppdrag med hagearbeid og liknande, vil få hjelp med oppdraga sine, og vert kontakta direkte om det. For å overhalda smittevernreglane vert teama som reiser ut små, og dei vil ikkje køyra saman dit dei skal. Det er ikkje mogleg å melda inn nye oppdrag no, pga situasjonen.

Men me ynskjer å spreia godleik på dei måtane me kan også i år! Difor går det an å melda seg som godhetshjelpar, og få høyra meir om kva du kan bidra med i år. Kanskje legga ei hyggeleg overrasking i postkassane til naboane dine, for eksempel.

Påmelding kan gjerast via dette skjemaet.

Du kan også melda deg ved å kontakta ungdomsprest Ingrid Petersen på epost: ung@kirken-askoy.no eller telefon 97589552.

Det blir altså GODHET i år, men me håpar å koma sterkare tilbake med myrkje meir neste vår!

Tilbake