Den miskunnsame samaritanen


22. søndag i treeiningstida

Andakt av Harald Gjøsæter

Dagens tekst: Luk 10,25-37

 

 

 

25 Da sto en lovkyndig fram og ville sette Jesus på prøve. «Mester», sa han, «hva skal jeg gjøre for å arve evig liv?» 26 «Hva står skrevet i loven?» sa Jesus. «Hvordan leser du?» 27 Han svarte: « Du skal elske Herren din Gud av hele ditt hjerte og av hele din sjel og av all din kraft og av all din forstand, og din neste som deg selv.» 28 Da sa Jesus: «Du svarte rett. Gjør det, så skal du leve.» 29 Men han ville rettferdiggjøre seg selv og spurte Jesus: «Hvem er så min neste?» 30 Jesus tok dette opp og sa:
        «En mann var på vei fra Jerusalem ned til Jeriko. Da falt han i hendene på røvere. De rev klærne av ham, skamslo ham og lot ham ligge der halvdød. 31 Nå traff det seg slik at en prest kom samme vei. Han så ham, men gikk utenom og forbi. 32 Det samme gjorde en levitt. Han kom, så mannen og gikk rett forbi. 33 Men en samaritan som var på reise, kom også dit hvor han lå, og da han fikk se ham, fikk han inderlig medfølelse med ham. 34 Han gikk bort til ham, helte olje og vin på sårene hans og forbandt dem. Så løftet han mannen opp på eselet sitt og tok ham med til et herberge og pleiet ham. 35 Neste morgen tok han fram to denarer, ga dem til verten og sa: ‘Sørg godt for ham. Og må du legge ut mer, skal jeg betale deg når jeg kommer tilbake.’
    36 Hvem av disse tre synes du nå viste seg som en neste for ham som ble overfalt av røvere?» 37 Han svarte: «Den som viste barmhjertighet mot ham.» Da sa Jesus: «Gå du og gjør som han.»

Luk 10,25-37

 

Soga om den miskunnsame samaritanen er ei av dei mest kjende forteljingane av Jesus som står i Bibelen. Har du ikkje fått med deg denne, gjerne med heile persongalleriet illustrert på flanellograf, har du truleg ikkje gått på sundagsskulen. Det er ei sterk historie vi kan læra mykje av. Ein kort repetisjon: Eit ransoffer vart liggjande halvdød attmed vegen, men dei to første som kom forbi, ein prest og ein levitt på veg til tempelet i Jerusalem for å gjera teneste der, lest som dei ikkje såg han. Det gjorde derimot ein reisande frå ei lite omtykt folkestamme som budde i landområdet Samaria. Han fekk inderleg medkjensle med mannen som var rana og halvt ihelslegen, og tok seg av han, batt om såra hans, og betalte for han på eit herberge der han kunne koma til krefter att.

Kva var det Jesus ville illustrera med denne forteljinga? Kanskje vi kan koma på sporet ved å sjå etter kven Jesus fortalde denne historia til; det var «ein lovkunnig» som ville spørja Jesus ut «for å rettferdiggjera seg sjølv» med spørsmålet om kven som er denne «nesten» som Moselova pålegg han å elska like høgt som seg sjølv.

Jesus skjer brutalt gjennom den lovkunnige sin teoretiserande omgang med Guds bod. Det handlar ikkje om retorikk, men om å visa miskunn. Det svei sikkert ekstra hardt at Jesus let dei to antiheltane i historia vera ein prest og ein tempelmedhjelpar, altså folk av same stand som den skriftlærde som hadde gitt seg i samtale med Jesus. Og endå verre var det nok at Jesus let helten i historia vera ein samaritan, som særleg dei skriftlærde i Israel av ymse grunnar såg ned på. Det er som om Jesus vil «gni det inn» slik at det skal gjera eit uutsletteleg inntrykk på den lovkunnige: Det hjelper ikkje om du er aldri så lærd og lovkunnig og i prinsippet veit alt om kva som er rett og gale, det det kjem an på er å visa miskunn mot dei som har det vondt og i praktiske handlingar elska din neste som deg sjølv.

Så slapp vi unna denne gongen også! Det er dei superreligiøse Jesus set på plass, og det har dei berre godt av! Vi vanlege folk, som gjer så godt vi kan, er på lag med Jesus.

Men nei, så enkelt er det ikkje. Du og eg liknar nok mest på presten, levitten og den lovkunnige, når det kjem til stykket. Ingen av oss slepp unna Jesus sitt ransakande og avslørande blikk. Men så var det jo nettopp fordi vi ikkje held mål, at Jesus døydde for våre synder, så vi, dersom vi sannar syndene våre og trur hans ord, skal sleppa gjennom på domens dag.

 

Bøn for dagen

Heilage Gud, livsens kjelde, du har skapt verda ved ditt ord. Vi bed deg: Lær oss å leva som born av lyset, så vi ikkje krenkjer deg eller nesten vår, men viser kjærleik i ord og handling, ved Son din, Jesus Kristus, vår Herre, som med deg og Den heilage ande lever og råder, éin sann Gud frå æve til æve. Amen.

Tilbake