Vidar Sandbeck har sanneleg rett


15. søndag i treeiningstida
Andakt av Karl Johan Hallaråker
Dagens tekst: Joh 15,9-12

 

9 Som Far har elsket meg, har jeg elsket dere. Bli i min kjærlighet! 10 Hvis dere holder mine bud, blir dere i min kjærlighet, slik jeg har holdt min Fars bud og blir i hans kjærlighet. 11 Dette har jeg sagt dere for at min glede kan være i dere og deres glede kan bli fullkommen. 12 Og dette er mitt bud: Dere skal elske hverandre som jeg har elsket dere.

«Kjærlighet-, kjærlighet-, ja det er jamen det beste je vet!» Kven hugsar vel ikkje kjærlighetsvalsen og refrenget» «Kjærlighet-, kjærlighet-, ja det er jamen det beste je vet!»

Jo, sanneleg har Vidar Sandbeck visseleg rett. Berre spør teksta for denne søndagen. «Ver i min kjærleik,» seier Jesus, og legg til litt seinare i same avsnittet: «Og dette er bodet mitt: De skal elska kvarandre, som eg har elska dykk.»

Slik syner Jesus oss livsvegen i møte med andre menneske. «Å leva det er å elska det beste di sjel fekk nå,» syng vi i ein av dei for mange kjære salmane. Det er ikkje til å ta feil av. Slik skal vi leva for kvarandre, bry oss om kvarandre - og ikkje minst sjå dei som treng oss mest. Den største kjærleiken viste Jesus som sette livet til for oss. 

Det finst knapt eit finare moteord enn ordet kjærleik, og slik elska kvarandre. Det gjev varme i kvardagen der vi tener kvarandre, bær børene for kvarandre og møter kvarandre med tilgjeving og ny start saman. 

Det finst vel heller ikkje eit ord som meir er misbrukt enn dette ordet kjærleik? Få ord har fleire dobbeltgjengarar som nettopp dette ordet. Under dekke av kjærleik, skin egoisme og eiga nyting fram. Ein kvar prøve seg sjølv. 

Kjærleikskapitlet framfor andre kjenner vi i 1 Kor 13. Her har vi kjærleiksspegelen vi kan prøva oss på denne helga og i dagane som ligg framføre. Det blir til velsigning både for oss og dei vi møter på vår veg.

Kjærleiken er tolmodig. - Korleis er det med meg og deg?
Kjærleiken er velvillig. - Korleis er det med meg og deg?
Kjærleiken misunner ikkje. Korleis er det med meg og deg?
Kjærleiken skryter ikkje. Korleis er det med meg og deg?
Kjærleiken er ikkje hovmodig. Korleis er det med meg og deg?
Kjærleiken krenkjer ikkje. Korleis er det med meg og deg?
Kjærleiken søkjer ikkje sitt eige. Korleis er det med meg og deg?
Kjærleiken er ikkje oppfarande. Korleis er det med meg og deg?
Kjærleiken gøymer ikkje på det vonde. Korleis er det med meg og deg?
Kjærleiken gleder seg ikkje ved urett. Korleis er det med meg og deg?
Kjærleiken gleder seg ved sanninga. Korleis er det med meg og deg?
Kjærleiken held alt han ut. Korleis er det med meg og deg?
Kjærleiken trur alt. Korleis er det med meg og deg?
Kjærleiken vonar alt. Korleis er det med meg og deg?
Kjærleiken toler alt. Korleis er det med meg og deg?
Kjærleiken tek aldri slutt. Korleis er det med meg og deg?
Sjå 1 Kor13,4-8 

Den som møter slik kjærleik, vil garantert syngja med Vidar Sandbeck: «Kjærlighet-, kjærlighet-, ja det er jamen det beste je vet!» Det er plass til mange i det koret!

Eg har lyst til å avslutta som på preikestolen: Helga oss i sanninga. Ordet ditt er sanninga. Amen.

Bøn for dagen
Trufaste Gud, du elskar oss som ei kjærleg mor og ein kjærleg far. Vi bed deg: Lær oss å lytta til orda dine, så vi blir rike på innsikt og kjærleik, ved Son din, Jesus Kristus, vår Herre, som med deg og Den heilage ande lever og råder, éin sann Gud frå æve til æve. Amen.

Tilbake