Ledig stilling som kyrkjetjenar i Herdla kyrkje. Søknadsfrist 23. januar 2023. Klikk her for mer informasjon.
Askøy kyrkjelege fellesråd har ansvar for verksemda i Den norske kyrkja på Askøy. Askøy kommune har om lag 28 000 innbyggjarar. Kommunen er delt i 5 kyrkjesokn og har 5 kyrkjer og 12 gravplassar. Askøy kyrkjelege fellesråd har cirka 23 tilsette i til saman 17,5 årsverk. Fellesrådet sitt arbeidsområde og ansvar er knytt til lov om tros- og livssynssamfunn (trossamfunnsloven) og lov om gravplasser, kremasjon og gravferd (gravplassloven). Hovudoppgåva til fellesrådet er å gje gode rammevilkår for det kyrkjelydsbyggjande arbeidet i dei 5 sokna, både for dei kyrkjeleg tilsette, sokneråda og det frivillige arbeidet elles i kyrkja. Fellesrådet har eigne lokale i tilknyting til Strusshamn kyrkje.
Ledige stilling:
1) Kyrkjetenar i 50% stilling i Herdla kyrkje, ledig frå 01. februar 2023
Arbeidsoppgåver:
• Kyrkjetenaren har ansvar for praktisk tilrettelegging i kyrkja i samband med gudstenester (annankvar sun- og helgedag), vigslar, gravferder og andre arrangement, og for å utføre reingjering og alminneleg vedlikehald i kyrkja og området rundt kyrkja.
• Andre oppgåver kan leggjast til stillinga, mellom anna vikarteneste ved andre kyrkjer og kyrkjegardar etter avtale. Det er utarbeidd beskriving for stillinga.
Vi tilbyr:
• Fleksibel arbeidstid innanfor ramma for stillinga, med bruk av arbeidsplanar
• Gode kollegaer og tverrfagleg arbeidsmiljø
• Kurs og opplæring innan aktuelle fagfelt
• Medlemskap i offentleg pensjonsordning med 2 % trekk i løn og kollektive forsikringsordningar
• Løn etter avtale
Kvalifikasjonar:
• Utdanning som til dømes fagarbeidar innan reinhald, hotell, kyrkje eller andre praktiske fag er ein fordel, men ingen føresetnad.
• Opplæring vil bli gitt. Den som vert tilsett, vil få tilbod om «kyrkjetenarskulen» som sjølvstudium
Anna:
• Både kvinner og menn vert oppfordra til å søkje.
• Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.
• Stillinga krev eit nært samarbeid med andre kyrkjeleg tilsette.
• Tilsetjing og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lover, forskrifter og avtalar innan KA sitt tariffområde
• Herdla sokn har nynorsk liturgi og administrerer seg på nynorsk.
• Søkjaren må være medlem av Den norske kyrkja.
• Tilfredsstillande politiattest må kunne leggjast fram ved tilsetjing, jamfør trossamfunnsloven § 20.
• Stillinga inneber kvelds- og helgearbeid.
Arbeidsstad:
• For tida Herdla kyrkje, Askøy, Hordaland
Spørsmål om stillinga kan rettast til kyrkjeverja eller ass. kyrkjeverje, tlf. 56 15 71 00
Søknadsfrist er 20. januar 2023.
Søknad med stadfesta kopiar av vitnemål og attestar skal sendast til Askøy kyrkjelege fellesråd, Lyngneset 26, 5302 Strusshamn