Å lengta etter Jesus


Å lengta etter Jesus


17. søndag i treeiningstida
Dagens ord: Fil 1,20-26
Andakt av Ingrid Myrtveit Petersen

20 Min lengsel og mitt håp er at jeg ikke skal bli til skamme i noe, men at Kristus, nå som alltid, skal bli opphøyd for alles øyne ved min kropp, enten jeg skal leve eller dø. 21 Å leve er for meg Kristus, og å dø er en vinning. 22 Men hvis jeg får bli i live, kan jeg gjøre et arbeid som bærer frukt, og da vet jeg ikke hva jeg skal velge. 23 Jeg kjenner meg trukket til begge sider: Jeg lengter etter å bryte opp og være sammen med Kristus, for det er så mye, mye bedre. 24 Men for deres skyld er det mer nødvendig at jeg fortsatt får leve. 25 Og fordi jeg er trygg på dette, vet jeg at jeg skal bli i live, ja, bli hos dere alle og hjelpe dere til fremgang og glede i troen. 26 Da skal dere få rikelig grunn til å være glade og stolte i Kristus Jesus for min skyld, når jeg kommer til dere igjen.

 

Det skal godt gjerast å ikkje kjenna seg utfordra av innhaldet i Paulus sine brev, og desse versa frå Filipparbrevet er ikkje noko unntak. Han sit i fengsel (dei lærde strir når det gjeld tid og stad: Efesos ca år 54 eller Roma ca år 60). Uansett veit han ikkje om han vil sleppa ut derifrå i live. Likevel er brevet fullt av glede, som det kjente sitatet frå 4,4: «Gled dykk alltid i Herren! Endå ein gong vil eg seia: Gled dykk!».

Ein vert slått av at Paulus må ha hatt eit ganske anna perspektiv på livet enn det eg i alle fall greier å ha. Han veg for og imot å leva og døy – og det er døden som freistar mest! Og ikkje fordi han har det vondt i fengselet, men fordi han så gjerne vil vera saman med Jesus. Han lengtar etter det neste livet, etter å møta Gud i Paradis.

Det me veit om Paradis ut frå Bibelen er gode ting som ein absolutt kan gleda seg til. Og liva våre her er ikkje alltid så fantastiske som ein gjerne kunne ønska seg. Men likevel sit det langt inne å gje slepp på det liva våre er fulle av. Det er vanskeleg å løfta blikket frå livet her og no, og sjølv med alle feil og manglar det har, tviheldt me på det. Sjølv om åra våre på jorda i røynda er ein svært liten del av det evige livet vårt, er det nesten umogleg å ikkje vera mest oppteken av nettopp denne delen likevel.

Men Paulus kjente Jesus, og han hadde ein ekte lengt etter å få vera saman med han. Ein lengt som var sterkare enn gleda over alt dette livet kan tilby av venskap, kjærleik, god mat, og alt som er godt. Paulus visste at det å vera saman med Jesus er betre enn alt anna.

Og nettopp difor er det han likevel konkluderer med at han må leva vidare – trass det han eigentleg ynskjer seg. For han har eit oppdrag. Han skal fortelja om Jesus. Han skal hjelpa andre å bli kjent med Jesus, så også dei kan få oppleva Paradis. Han er villig til å utsetja sitt eige møte med Jesus for at flest mogleg andre også skal få møta han.

Dette utfordrar. Lengtar eg etter Jesus? Og kva er eg villig til å gje slepp på for at andre også skal få møta han?

Bøn for dagen
Evige Gud, vår skapar, du reiste Jesus opp frå grava. Vi bed deg: Gje kyrkja kraft til å tala livsens ord i dødens verd, så alle kan setja si von til han som er oppstoda og livet, Jesus Kristus, vår Herre, som med deg og Den heilage ande lever og råder, éin sann Gud frå æve til æve. Amen.

Tilbake