Jesu dåp i Jordanelva


2. søndag i openberringstida
Dagens tekst: Matt 3,13-17
Andakt av Ingrid Myrtveit Petersen

 

13 Da kom Jesus fra Galilea til Johannes ved Jordan for å bli døpt av ham. 14 Men Johannes ville hindre ham og sa: «Jeg trenger å bli døpt av deg, og så kommer du til meg?» 15 Jesus svarte: «La det nå skje! Dette må vi gjøre for å oppfylle all rettferdighet.» Da lot Johannes det skje. 16 Da Jesus var blitt døpt, steg han straks opp av vannet. Og se, himmelen åpnet seg, og han så Guds Ånd komme ned over seg som en due. 17 Og det lød en røst fra himmelen: «Dette er min Sønn, den elskede, i ham har jeg min glede.»

Det er opplagt at Jesu dåp er viktig, det skjønar me mellom anna fordi alle dei fire evangelistane har forteljinga med. Og bodskapen frå himmelen, «Dette er Son min, han som eg elskar, i han har eg mi glede», er det ikkje vanskeleg å forstå at var viktig for Jesus. Det var kanskje stadfestinga han venta på før han tok til med gjerninga si.

 

Det som er vanskelegare å forstå, er kvifor Jesus i det heile måtte bli døypt. Johannesdåpen var ein omvendingsdåp, altså eit vendepunkt, ei markering av at ein skulle byrja å leva betre, og venda seg vekk frå synd. Men Jesus var syndfri – han trengte inga omvending. Kvifor måtte han då døypast? Var dåpen hans med på å visa at han verkeleg var fullt ut menneske? Vart han døypt i solidaritet med vårt behov for omvending? Var dåpen del av vegen mot krossen? At han på same måte som han døydde for oss, også vart døypt, ikkje på grunn av sine eigne, men våre synder?

Eg er ikkje sikker. Men det som er sikkert med Jesu dåp er det som ligg i den fantastiske symbolikken!

Jesus var nemleg ikkje den første som opplevde noko avgjerande i Jordanelva. Då Israelsfolket hadde flykta frå Egypt og vandra i ørkenen i 40 år, skulle dei endeleg gå inn i det lova landet. Men ei hindring låg framom dei: Jordanelva, stor og stri. I Josva kap. 3 kan me lesa korleis Gud stansa vatnet i elva, så folket igjen, akkurat som ved Sivsjøen, kunne gå tørrskodde over. Og då dei kom opp på den andre sida var dei der – i landet som fløymde med mjølk og honning.

Jesus si forteljing er heilt parallell – også han «gjekk gjennom» Jordanelva då han vart døypt, og med det same etterpå (etter dei 40 dagane med prøvingar i ørkenen), tok han til med gjerninga si. Og den kalla han sjølv Himmelriket eller Guds rike. Då Israelsfolket hadde gått gjennom Jordan, kom dei til eit nytt, fantastisk land. Då Jesus hadde gått gjennom Jordan bringa han eit nytt rike.

Det lova landet skulle vera ein ny start for Israel, og gjennom Israel for heile verda – for dei skulle vera førebilete med levemåten sin og visa kven Gud var og kva hans vilje var. Og på same måte er det riket Jesus kom med ein ny start for Israel, men også for heile verda! Alle medlemer av Guds rike skal med gode gjerningar, kjærleik, rettferd og forkynning visa alle andre kven Jesus er.

Jesu dåp i Jordanelva var startskotet for Guds rike på jord. Lat oss leva i det.

 

Bøn for dagen
Heilage Gud, du lét den elska Son din bli døypt for å bera synda i verda. Vi bed deg: Forny oss i dåpen vår, så vi alltid følgjer etter Jesus Kristus, vår Herre, han som med deg og Den heilage ande lever og råder, éin sann Gud frå æve til æve. Amen.

Tilbake