Lite nytt under sola


Romjulssøndag
Andakt av Karl Johan Hallaråker
Dagens tekst: Matt 2,13-15

 

13 Da de var dratt bort, viste Herrens engel seg for Josef i en drøm og sa: «Stå opp, ta med deg barnet og barnets mor og flykt til Egypt, og bli der til jeg sier fra! For Herodes kommer til å lete etter barnet for å drepe det.» 14 Han sto da opp, tok barnet og moren med seg og dro samme natt av sted til Egypt. 15 Der ble han til Herodes var død. Slik skulle det ordet oppfylles som Herren har talt gjennom profeten:
           Fra Egypt kalte jeg min sønn
.

Sanneleg kjem vi oss ned på jorda etter julebodskapen sine himmelske tonar: «I dag er det fødd dykk ein frelsar i Davids by. Han er Messias Herren.»

Romjulssøndag gir oss den realistiske kunnskapen: Verda sin frelsar blir forfølgd frå dag ein! Makthavarane var redde og ville rydda Jesus bort. Men motstandarane får aldri siste ordet. Evangelisten Matteus som avslører kong Herodes sin plan om å ta livet av Jesus, fortel om korleis Gud varsla Josef i ein draum om kongen sine planar: «Stå opp, ta barnet og mora med deg og røm til Egypt og bli der til eg seier frå!» Den audmjuke og lydige mannen til Jesu mor gjorde som Herren varsla. Den vesle familien på tre flykta til nabolandet og berga livet til Herodes døyde.

Forfølginga og flukta til Egypt er meir enn hendinga i Jesu tidlegaste barndom. Det fortel både om hans kår - og hans sine kår i denne verda. Vi fekk aning om det alt juledag - Jesus kom til sine eigne, men dei tok ikkje i mot han. Dei mektige både i folket og mellom dei religiøse leiarane ville rydda han bort. Han truga deira posisjon. Di meir dei kjende seg usikre, di meir vald og grusom framferd prega deira angrep.

Det er lite nytt under sola, seier visdomsordet. Sanneleg røyner vi det på dette området også. Guds kyrkje og Jesu sanne venner må ikkje venta applaus i denne verda. På ulik vis vil dei møta forfølging og motstand. «Kristenmannsblod» er ikkje velsedd i den sekulære og totalitære verda. Toleranse er forbehalden og helst avgrensa til dei som innrettar seg etter hopen!

Herren kjenner sine, seier også Skrifta. Gud har ikkje lova sine lette dagar. Men han har kontrollen. Han fører sine heim! Han er med sine alle dagar og alle slags dagar!

Romjulsteksta avsluttar med eit viktig signal: «Slik (at Herren varsla i førevegen om drapstrugselen) skulle det oppfyllast, det Herren har tala gjennom profeten.» Det gamle ordet frå profeten Hosea mange hundre år i førevegen, var det som skjedde i romjula. Det var inga brå og spontan handling. Herren hadde handa på rattet.

I dag talar bodskapen til oss. Du og eg er ikkje lova berre lette dagar som Guds folk. Og Guds kyrkje på jord. Motgang og liding er ulikt fordelt i kvardagen verda rundt. Men for alle gjeld den same lovnaden: Herren kjenner sine og han har omsorg for alle sine born.

Framleis velsigna høgtid!

 

Bøn for dagen
Nådige Gud, du lét Son din bli eit sårbart menneske. Vi bed deg: Trøyst oss lik ei kjærleg mor som tek seg av sine. Vern alle som er på flukt og lat oss sjå fridomen og frelsa i Jesus Kristus, han som med deg og Den heilage ande lever og råder, éin sann Gud frå æve til æve. Amen.

Tilbake