Diakoni i Herdla kyrkjelyd


 Plan for diakoni i Den norske kyrkja (gjeldande frå 2008) presenterer føljande definisjon av kyrkja sin diakoni:

"Diakoni er kyrkja si omsorgsteneste. Den er evangeliet i handling og uttrykkast gjennom nestekjærleik, inkluderande fellesskap, vern om skaparverket og kamp for rettferd"

 

 

Diakoniutvalet har tatt utgangspunkt i desse 4 områda. Vi har slått saman nestekjærleik og inkluderande fellesskap. Dette fordi vi føler at i dei fleste tiltaka omfamnar dei kvarandre.
Vi i diakoniutvalet ønskjer at Herdla sokn skal ha eit spesielt fokus på vern om skaparverket og at dette kan vera vårt hovudområde denne og neste soknevals periode.

Elles er diakoniplanen sett saman ved at vi har sett på tiltak som alt er i gang og sett korleis dei ulike tiltaka vi har kan plasserast inn i dei 4 punkta, arbeidsområda, som planen legg opp til. Vi ønskjer og å vera opne for nye tiltak/aktivitetar/tilbod i kyrkjelyden. Vi ønskjer at kyrkjelyden og lokalbefolkninga skal møta ei levande og inkluderande kyrkje. Ei kyrkje der vi ser kvarandre, opplever fellesskap med kvarandre og saman tar ansvar for heile Guds skaparverk.

Kyrkjelyden har og ein plan for trusopplæring og denne planen tar på ein god måte vare på det diakonale aspektet i arbeid med born og unge.


Les meir om aktivitetar og tiltak i kyrkjelydens diakoniplan her

Tilbake